Då er vi i gang…følg Gaute Losnegård sine dagar i Askvoll kommunestyre

20. oktober – konstituering

Eg visste litt om kva som kom til å skje, sidan eg er med i valnemnda (der er ein frå kvart parti med). Vi hadde hatt nokre møte på førehand, men alt var ikkje sjekka godt nok opp mot lovverket, så det blei ekstramøte rett før kommunestyremøtet skulle ta til. Det er to typar val i dette tilfellet, avtaleval der alle er samde og forholdstalsval der ein stiller lister til formannskapet frå kommunestyret. Ole Klausen hadde sett føre seg avtaleval, men det viser seg at det ikkje er lov å ha felles varafolk i slike tilfelle. Ein blei då nøydd til å lage to lister til formannskapsvalet, og det blei då nødvendig med meir folk inn på varalistene. Eg blei då oppført som 6. vara på felleslista mellom V/SP/AP/SV. Ikkje noko å rope hurra for kanskje, men det er betre enn utgangspunktet som var at vi stod heilt utanfor formannskapet.

Når det gjeld komiteane, er eg valt til leiar for komite for oppvekst og kultur. Dette er eg godt fornøgd med, då den opprinnelege avtalen mellom dei andre partia (der ikkje vi var med) tilsa at vi berre skulle få eit nestleiarverv.

Så var vi komne til ordførarvalet. Her var Frida einaste kandidat. Eg hadde på førehand gjort det klart for valnemnda at eg ville stå fritt under dette, slik at eg ikkje var bunden av nokon avtale. Etter at ho var foreslått, ba eg om skriftleg avrøysting og heldt dette innlegget:

SV kjem til å stemme blankt under ordførarvalget. Ikkje fordi vår noverande ordførar Frida Melvær har vore ein dårleg ambassadør for Askvoll. Eg har all grunn til å tru at ho vil halde fram som ho har gjort i forrige periode – markedsføre kommunen på ein god måte og stå i nær kontakt med innbyggjarane. Der gjer ho ein god jobb.

Vi har nok mange saker som vi står samla om, og der eg trur alle parti frå SV til Høgre kan vere einige. Problemet er likevel at det er nokon saker der den politiske avstanden er stor, og dette er veldig viktige saker.

Den eine saka gjeld Førdefjorden. SV sitt standpunkt der skulle vel vere velkjent. Vi ønskar å behalde fjorden rein, og vi kan ikkje gå med på å tømme fleire hundre millionar tonn gruveavfall uti. Ikkje minst når vi har fagleg ekspertise som rår i frå dette. Dei som har motsett syn vil seie at denne saka er avgjort. Det meinar vi den ikkje er. Fjorden ligg der fremdeles rein, og Nordic Mining har slett ikkje fått alle løyva dei treng.

Den andre gjeld kommunestruktur. Også her har vi divergerande syn. I SV så er vi veldig bekymra for kva som kan skje med Askvollsamfunnet viss vi frivillig skal gje frå oss makta over lokale tenester og arbeidsplassar til ein sentralisert storkommune. Rett nok kan ein seie at konklusjonane i denne saka ikkje er klare. Men ut i frå det som har kome fram tidlegare, blant anna i valkampen, så er det klart for oss at den politiske avstanden mellom oss er stor.


Det vart ikkje noko nemnande debatt i samband med dette valet. Frida fekk 20 røyster, og mi blanke. Eg har i alle fall fått vi har vist at vi er i opposisjon, og eg vil halde fram med det.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s