Paradokset

I går kveld feira Holmedal Eldresenter 25-årsjubileum med stor fest. Kring 70 personar til stades, det var underhaldning, mat og talar. Eg hadde skrive jubileumshefte og var der og sa nokre ord. Det var også vår ordførar Frida Melvær. Ho heldt tale og kom med gåve. Ikkje noko arrangement er for lite for vår ordførar å møte opp på. Det likar vi Frida!

Eg og Frida står på kvar vår side politisk, og eg markerte det ved å stemme blankt under ordførarvalet. Paradoksalt nok meiner eg at det er eg som kjempar for å få behalde slike ordførartypar som ho, dei som er nær oss og som stiller opp på det meste. No skal eg ikkje seie noko om kva ho meiner, men regjeringa sin politikk legg i alle fall ikkje opp til at vi får meir rom for slike ordførarar i framtida. Storkommunar vil gje større avstandar mellom folket og dei styrande, også ordførarane.

Vi har allereie testa dette ut. Då ungdomslaget i vår sette opp revyen ”Vi tek HAFS i ein jafs”, sende eg med Magnhild ein av plakatane til Førde. Ho skulle vise den til Olve Grotle, sidan mellom andre han var avbilda der. Han likte plakaten godt, og fekk han. Men trur du han var på revyen i Holmedal 17. mai?

No kan ein seie til Olve sitt forsvar at han er jo ikkje vår ordførar endå, slik grensene er no. Han hadde det sikkert travelt nok på 17. mai, og dette har for så vidt ikkje noko med han personleg å gjere. Men eg trur nok det er heilt reelt at ein ordførar i ein storkommune vil vere ein fjernare person for oss i utkantbygdene. Vi vil miste noko, nemleg litt av limet som har gjort oss til – for å seie det slik – ROBUSTE lokalsamfunn.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s