Den store verda skolar inn over Askvoll

Askvoll er på topp i massemedia for tida. I helga vart hotellet vårt selt, til folk som vil nytte det til asylmottak for mindreårige. Men det gjekk fleire dagar før kommunen blei kontakta om saka på grundig vis. No har ordførar Frida vore på Debatten på NRK 1 og fortalt alt på riksdekkande fjernsyn.

Mange er svært bekymra for at vi skal misse vårt einaste hotell, forståeleg nok. I nabobygda Dale sleit dei i årevis med å få opp overnattingstilbod på eit nivå vi i Askvoll tok for sjølvsagt. Vi risikerer no at eit knutepunkt i reiselivet blir borte. På den andre sida har hotellet lege ute for sal i fleire år no. Det vitnar nok diverre om at hotelldrift i utkantane ikkje er attraktivt for så mange. All ære til Hammerslandane som har stått på for lokalsamfunnet. Dette er ikkje nokon ni til fire-jobb. Dei fekk sving på sakene etter ein lang periode med stagnasjon før dei overtok. No er framtida usikker.

På den andre sida les eg innlegg på fjesboka frå folk som skriv at dei slett ikkje stiller seg negative til asylmottak på hotellet. Dei vil gjerne hjelpe dei mange som har flykta til landet vårt.

Kva som vil skje, er endå uklart. Det er mogleg at eit asylmottak vil krevje bruksendring av bygget, noko kommunen må gje løyve til. Det skal vel svært mykje til for at det ikkje skal skje, og som det står på kommunen sine heimesider så kan jo vi ikkje pålegge nokon å drive hotellet som hotell.

Vi ser no resultata av det omfattande anbodssystemet innanfor offentleg sektor. Hadde det offentlege drive asylmottaka sjølve, kunne kommunane hatt betre kontroll, og vi var sikra at kvar einaste krone gjekk til føremålet, og at ikkje noko hamna som profitt i private lommar.

Personleg trur eg nok at det må komme innstrammingar i asylpolitikken om ikkje lenge. Når UDI seier at straumen er aukande framleis no i november, så går det ikkje lenger. Vi er eit lite land, og det er grenser for kor mange vi kan ta i mot, i denne situasjonen må ein kunne seie det også som SV-ar. Tempoet må ned slik at vi får kontroll over situasjonen.

Advertisements

3 thoughts on “Den store verda skolar inn over Askvoll

  1. Tempoet er strengt tala ikkje noko vi kan styre Gaute, om vi då ikkje finn ein mirakuløs måte å stoppe konfliktene i Syria, kaste regimet i Eritrea eller skape fred og utvikling i Afghanistan (det har vi jo vore særs gode på dei siste femten åra). Løysinga for å handtere asylstrømmen finn ein ikkje i Noreg, men internasjonalt. Om du då ikkje meiner vi skal bryte folkeretten ved å stenge grensene og nekte å ta i mot asylsøkarar – då flyttar du ikkje deg berre vekk frå SV, men vekk frå alle andre parti enn FrP.

    Det vi kan styre er behandlingstida og basisstandarden på opphaldet medan asylsøkarar får søknaden sin behandla. Dette kan og bør vi gjere noko med. Noreg har faktisk betre føresetnader enn ganske mange andre land for å ta imot – men ein må vere villeg til å ta ein grundig debatt om integrering: mengde og bruk av ressursar, statleg finansiering, normer for standardtilbod m.m. Her er det mykje å ta tak i.

    Like

    1. Du såg kanskje Debatten i går på NRK 1. Ordføraren frå Sør-Varanger fortalde om situasjonen på grensa mellom Norge og Russland, der det kjem fleire hundre asylsøkjarar kvar dag, og kalla det “eit arktisk Lampedusa”. Ein høg andel av asylsøkjarane til Norge kjem no faktisk over Storskog. Mange av dei som kjem over grensa har fått utvist-stempel i passet frå Russland. Nokon liknande straum frå Russland til t. d. Finland ser vi ikkje. Årsaka til denne straumen lyt vi såleis leite i først og fremst i Russland, ikkje i opphavslanda til asylsøkjarane

      Like

  2. Ein kan godt inkludere Russland under “løysinga for å handtere asylstrømmen finn ein ikkje i Noreg, men internasjonalt.” Det er godt mogleg at Russland “straffar” Noreg for sitt NATO-medlemskap og kanaliserar dei til Noreg i staden for Finland. Det er og mogleg at russarane “informerar” om at Noreg har litt betre velferdsgoder enn Finland. Flyktningane, anten det er er Afghanarar eller Syrarar, flykta uansett til å byrje med frå eit land prega av krig. Det er dessuten lite like lov å stenge grensa i nord som i sør sjølv om det kjem fleire asylsøkarar som ikkje har krav på asyl der, noko statsministeren også påpeika.

    Poenget er at det vi fyrst og fremst kan gjere noko med er dei interne forholda knytt til behandling av søknad og integreringsspørsmål knytt til ressursar og rettigheiter. Tempoet på straumen er det fyrst og fremst eksterne faktorar som påverkar.

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s