Folket har tala – gigantkommunen er daud

Mange store nyhende for tida. I går fekk vi høyre resultatet av Opinion si meiningsmåling om kommunesamanslåing i Sunnfjord. Svært få ønskjer seg den store Firdakommunen, som skulle strekkje seg frå Anda ferjekai til Bulandet. Dermed vert dette alternativet lagt dødt. Eit godt nyhende meiner eg!

Flora har trekt seg ut av samanslåingsprosessen, mens det kan sjå ut til å vere fleirtal i indre Sunnfjord for liten SiS (Førde, Naustdal, Jølster og Gaular). I alle dei fire kommunane er dette alternativet på topp. Her skal ein vere obs på at dette er ei meiningsmåling, og ikkje folkerøysting, så saka er ikkje avgjort endå.

Askvoll er som venta delt i spørsmålet. Den største gruppa av dei utspurde vil halde fram som eigen kommune. Det er ikkje sikkert at det vil bli enkelt i tilfelle indre Sunnfjord samlar seg i ein kommune med over 20 000. På den andre sida kjem HAFS opp som det mest populære samanslåingsalternativet for askvollingane. Med 8000 innbyggjarar vil HAFS bli ein god del mindre enn liten SiS, men ikkje så veldig mykje mindre enn ein annan eventuell nabokommune, Flora (12 000), som no i følgje Firda blir ståande i “dødens posisjon”. Flora har beila til naboen i nord lenge, men Bremanger er kraftkommune og vil helst stå åleine.

I Fjaler er det, ikkje overraskande, stort fleirtal for HAFS, og det er også det mest populære alternativet i Hyllestad. Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang meiner på si side at eit alternativ som ikkje er utgreidd, liten SiS pluss kommunar frå HAFS, “ikkje har fått modnast” i følgje Firda. At ho ikkje tek innover seg at fjalerbuane vil ha HAFS, tykkjer eg er respektlaust. Også vår eigen Frida vil ha med dette alternativet vidare. No uttalar ho til Firda at “Vi er i ein fase der eg tydelegare må seie kva eg sjølv meiner”. Det kan bli spennande å høyre.

Vi må no roe ned hastetempoet med samanslåing og få fleire kort på bordet. Som Frida påpeika etter spørsmål frå meg under folkevaldopplæringa tidlegare i haust, så har regjeringa ikkje fleirtal. Sjølv om dei skal leggje fram sak om framtidig kommuneøkonomi no rundt jul, så veit vi ikkje endeleg før i juni kva som blir resultatet. Først då kan vi vurdere heilt sikkert dei økonomiske konsekvensane av å stå åleine kontra samanslåing. I tilfelle HAFS-samanslåing må kommunen sine forhandlarar krevje meir til Askvoll, for eksempel lokalisering av ein del av det kommunale apparatet. Her nyttar det ikkje med halvhjarta innsats!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s