Spennande tider

Det er interessant og morosamt å sitje i kommunestyret. Ei erfaring rikare vart eg på onsdag, då eg leia mitt første møte i komiteen for oppvekst og kultur. Oppgåva er først og fremst å vere møteleiar, og komiteen skal ikkje gjere vedtak, berre tilrå, men likevel. Eg fekk komiteen med på to av SV sine hjartesaker, nemleg streaming av kommunestyremøta og auka ressursar til biblioteket. Elles har vi også bede om å få utarbeidd ein barnehageplan for kommunen. Askvoll har mangel på barnehageplassar, eit luksusproblem for ein utkantkommune. Det vert no vurdert å kjøpe inn ein modulbarnehage og setje opp på den gamle idrettsplassen i Askvoll, som eit mellombels tiltak. Men kva som blir varige løysingar, gjenstår å sjå.

Kommunesamanslåingssaka ruller elles vidare, og administrasjonen hadde tilrådd eit nytt mandat til ordførar+varaordførar+rådmann. Ein skal søkje mot Førde og Indre Sunnfjord som eit nytt alternativ sidan storkommunealternativet frå Gloppen til Bulandet er daudt. Eg hadde eigenleg ikkje ønska dette, og eg argumenterte for HAFS eller eigen kommune då saka var oppe. Eg hadde laga eit framlegg om å gå for desse som prioriterte alternativ, og sende ut til SP og AP på førehand, men dei ville ikkje vere med på dette. Eg kunne sjølvsagt stemt for det åleine, men eg valde å ikkje gjere det. Eg tenkjer med meg sjølv at eg ikkje treng å stemme åleine mot resten kvar gong, det er nok å gjere det innimellom(-: Og kommunesamanslåingssaka kjem nok oppatt snart uansett.

Ein god ting med å vere åleine frå sitt parti er at ein kan komme på talarstolen ofte, det er kjekt, i dei andre partia verkar det som gruppeleiarane førar ordet for det meste. Må vere litt kjedeleg å berre sitje og sjå på for dei andre.

Eit unntak er sjølvsagt Ole Klausen i Høgregruppa, han tek ordet titt og ofte, er vanskeleg å konkurrere med talarstolfrekvensen hans. I kommunesamanslåingssaka er det eg og han som fører ordet mot storkommunen, det er vi som tek opp den lokale tråden til Trygve Slags(mål)vold Vedum. Askvoll SP meiner eg sviktar litt her, som eg sa til gruppeleiaren: Askvoll SP er ikkje som andre senterparti.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s