Strevsamt i opposisjon

Somme tider er det strevsamt å vere opposisjonspolitikar. I eit parti der ein er åleine representant, og der ein prøver å kare i hop eit raudgrønt samarbeid. Når ein prøver å fremje ei sak som ein meiner er til det beste for lokalsamfunnet, og ikkje vinn fram slik ein helst hadde ønska.

I kommunestyret i dag hadde vi oppe to saker som eg har engasjert meg sterkt i. Den første galdt kommunereforma, der vi skulle ta stilling til administrasjonen sitt framlegg om å halde folkerøysting i byrjinga av april. Eg ville helst utsetje heile saka, sidan vi ikkje har fått endeleg vedtak om nytt inntektssystem for kommunane endå. Dette skal vedtakast av Stortinget to månader ETTER folkerøystinga vår, noko eg synst er heilt feil rekkefølgje å gjere det på. Diverre blei det ikkje noko samling på raudgrøn side om dette, sjølv om eg oppfatta at det kunne vere stemning for det på felles gruppemøte. Kva som slo feil er eg ikkje heilt sikker på, om det var for dårleg planlagt, eller at vi ikkje er godt nok samkøyrde…Det skal også seiast at Høgre og Venstre har dyktige folk som kan skyte ned framlegg med å sikte på små detaljar…

Venstre ville ha ei ny opinionsundersøking og ikkje folkerøysting, men det fekk berre deira eigne røyster. Eg meiner ei folkerøysting der alle får stemme er det mest demokratiske. Då har ein i alle fall hatt sjansen. Og eg er glad for at 16- og 17-åringane også får vere med å stemme.

Framlegget frå administrasjonen, som blei vedtatt, inneber at ein kan velje mellom tre alternativ: 1) stå åleine, 2) HAFS, 3) saman med liten SiS (Førde og indre Sunnfjord). Det siste finst ingen intensjonsavtale på, så det er ikkje berre greitt å ta det med, slik fleire påpeika, for vi veit jo ikkje om dei vil ha oss med (i Jølster blir det t.d. truleg folkerøysting utan at HAFS er med i noko alternativ). Men samtidig tenkjer eg at det heller ikkje er rett å utelate det som eit alternativ, sidan mange i Askvoll faktisk vil ha det.

Den andre saka var ein interpellasjon eg har fremja om faresonekart i Askvoll sentrum. Den første interpellasjonen i Frida si ordførartid, og sikkert lenge før der og! Eg har fått innspel frå ein innbyggjar om dette, nemleg at eit stort område i sentrum er markert som eit område der det KAN vere rasfare, utan at det er sikkert. Dei som skal gjere utbyggingar, også mindre prosjekt, må i alle fall i følgje den nye kommuneplanen utarbeide såkalla faresonekart for eiga rekning før dei kan gå i gang. Eg gjorde framlegg om å få dette innarbeidd i kommunen sin planstrategi (for ei rask handsaming), men ordføraren ville i staden setje det opp under rullering av samfunnsdelen til kommuneplanen, noko eg fryktar er ei langvarig utsetjing og kan gjere det vanskeleg for folk i sentrum (andre enn eg har kalla det ein pålagt byggjestopp). Ho fekk det som ho ville.

Saka kom i det minste på sakskartet. Og det er kanskje slik det må vere med det raudgrøne samarbeidet og. Rett nok mistenkjer eg SP og AP for å like seg mykje mindre i opposisjon enn SV (vi har jo fødde som opponentar og har nesten femti års trening). Men samarbeidet vårt er enno ferskt, og vi må kanskje prøve og feile litt før vi finn den rette forma. Vi snakkar i alle fall godt i lag, ingen tvil om det.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s