Gaute si glaskule: Korleis ser framtida ut for Askvoll kommune? Del 1: Næringslivet

Eit spørsmål som opptek mange for tida, og ikkje minst meg sjølv, er kva som vil skje når vi no har ei folkerøysting om kommunereform på trappene. Korleis ser framtida ut for Askvoll kommune og oss som bur der, med dei ulike alternativa – ved å stå åleine, gå inn i HAFS eller inn i ein stor Sunnfjord-kommune? Eg har våga meg på å sjå litt i spåkula, og lagar med dette ein liten serie her på politikarbloggen om dette. Først vil eg sjå på næringslivet.

Primærnæringane – landbruk og fiske – har hatt og har ein viktig posisjon hjå oss. Og vi har framleis livskraftige miljø, med fiskebåtar særleg i Bulandet, og landbruk på fastlandet. Men dei siste åra har det skjedd ei kraftig rasjonalisering i desse næringane som fører til færre arbeidsplassar både på sjø og land. Fiskebåtane blir stadig større og meir effektive, mens bøndene skaffar seg større traktorar og meir moderne maskiner. Snart kjem også kravet om lausdriftsfjøs, og då vil truleg mange bruk falle i frå, sidan dei ikkje finn det lønsamt å investere i nytt.

Ja, men denne utviklinga vil vel gå sin gang uansett kva kommuneløysing vi vel, svarar du gjerne. Ja, det skal eg gje deg rett i. Om landbrukskontoret ligg i Askvoll som no (vi har allereie felles kontor med Fjaler), eller blir flytta til Førde, har lite å seie for bøndene våre. Men samtidig trur eg at ein framtidig Askvoll kommune som no, eller ein framtidig HAFS-kommune, vil ham meir å stille opp med for bøndene sine enn ein Sunnfjord-kommune. Med rådhus i Førde vil politikken i større grad dreie seg om bynæringar, mens primærnæringane kan risikere å falle utanfor fokus både hjå folkevalde og administrasjon.

Det same kan seiast om næringslivet elles i Askvoll. Vi har ikkje så mange store bedrifter, men flest små og mellomstore, og nokre treng draghjelp frå det offentlege. Mange av dei er retta særskilt mot det at vi ligg på kysten, og då må vi ha ein kommune med fokus på det. Næringslivet har dessutan nytte av at det finst offentlege arbeidsplassar i Askvoll – det gjer arbeidsmarknaden breiare slik at det er meir attraktivt å etablere seg her.

Eit siste moment eg skal nemne er at vi har lågare arbeidsgjevaravgift i Askvoll og dei fleste andre kommunane i fylket (10,6 %) enn i Førde (14,3 %). Den høge satsen til Førde gjeld rett nok ikkje landbruk og fiske, men næringslivet i Askvoll risikerer likevel å måtte betale inn fleire millionar i ekstra avgift til staten om vi kjem inn i ein storkommune, der det er naturleg at sentrumsområdet sin sats blir lagt til grunn. Noko å tenkje på for ein bedriftseigar som skal gå til røystelokalet 4. april.

Konklusjon: Dei direkte konsekvensane av endra eller uendra kommunestruktur er kanskje ikkje så store for næringslivet, men om vi reknar med dei indirekte verknadene gjev det best utteljing å stå åleine eller gå inn i HAFS.

Anbefalte val:

JA Askvoll åleine

Ja  HAFS

NEI Stor-Sunnfjord

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s