GAUTE SI GLASKULE: KORLEIS SER FRAMTIDA UT FOR ASKVOLL KOMMUNE? DEL 2: TENESTENE

Del 2 i glaskuleserien gjeld dei kommunale tenestene. Dette er ein del av det eg sa på debattmøte om kommunereforma tidlegare i kveld.

Administrasjonen i Askvoll kommune har utgreidd alternativet med korleis vi vil klare oss dersom vi blir ståande åleine. I oppsummeringa for dei store tenesteområda helse, omsorg og oppvekst, heiter det blant anna:

“Moglegheita for sterkare fagleg støtte, må vurderast opp mot større avstand til bådefagleg, administrativ og politisk leiing, med ein viss fare for svakare relasjonar til ein eigar med mindre lokal tilknyting. Å vere «tett på» kan bli utfordrande om avstanden til politisk og administrativ leiing vert for stor.”

Denne utgreiinga er det kanskje ikkje så mange som kjenner til, men det blei altså vedtatt samrøystes på forrige kommunestyremøte at denne skal leggjast til grunn for det vidare arbeidet med kommunereforma.

Ei viktig ting når det gjeld muligheita for å tilby gode tenester er om vi har god nok økonomi. Vi ser no at mange småkommunar blir pressa til å slå seg saman med regjeringa sitt framlegg til nytt overføringssystem, sidan dei vil tape store summar på å bli ståande åleine. Dette gjeld ikkje for Askvoll. Etter det KS har rekna ut, så vil vi få 700 000 mindre i året om vi står åleine, og det er lite i forhold til eit kommunebudsjett på rundt 180 millionar. Så vi vil fortsatt ha økonomisk armslag til å styre oss sjølve.

Eit argument som ofte blir brukt i forhold til små kommunar er at dei slit med rekruttering av fagfolk. No har ikkje det vore noke stort problem i Askvoll, tvert i mot så står det i denne utgreiinga at Askvoll kommune rekrutterer godt til dei fleste fagområda. Men la oss no ta det hypotetisk, at vi hadde problem med rekrutteringa, f. eks. av legar, sjukepleiarar og lærarar. Ville vi rekruttere fleire til Askvoll som område om vi gjekk inn i ein storkommune saman med Førde? Nei. Sjølv om kommunen blir større, så vil ikkje fagfolka strøyme hit, dei vil framleis føretrekkje sentrale strøk, sjølv om det kanskje er innanfor same kommune. Eg trur at vi rekrutterer like godt til Askvoll slik vi er no.

Så kjem vi til det kanskje viktigaste spørsmålet: Vil vi få behalde dei kommunale tenestene der dei er i dag? Skular, sjukeheimar, barnehagar, legekontor osv.? Intensjonsavtalane i Prosjekt Sunnfjord lovar oss dette. No har vi per dags dato ikkje nokon intensjonsavtale med Førde og dei andre kommunane i indre Sunnfjord, så med det alternativet veit vi ikkje noke. Men kan vi stole på intensjonsavtalane? Er det ikkje slik som nokon seier, at dei berre gjeld fram til eit kommunestyrevedtak seier noko anna?

Eit anna spørsmål er om større kommunar vil føre til meir privatisering av offentlege tenester. Det er mange som fryktar dette, og det er vel ingen stor hemmelegheit at grunnen til at NHO er for færre kommunar, er at dei har store medlemskonsern som gjerne vil drive sjukeheimar, barnehagar og så vidare, med det resultat at fleire av våre skattekroner kan hamne som privat utbytte.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s