GAUTE SI GLASKULE: KORLEIS SER FRAMTIDA UT FOR ASKVOLL KOMMUNE? DEL 3: LOKALDEMOKRATIET

Lokaldemokratiet er kanskje det viktigaste når det gjeld denne reforma. I kommunestyret i Askvoll i dag har vi 21 representantar. Det blir 143 innbyggjarar per folkevalde. Når kommunane blir slått saman, blir det færre folkevalde, dvs. fleire innbyggjarar per folkevald. I intensjonsavtala for HAFS er det foreslått 27 medlemmer av kommunestyret, då aukar innbyggjartalet per folkevald til 298. Det er ikkje nokon enorm skilnad, sjølv om det er ei viss svekking. Men derifrå er det ein dramatisk auke til liten SiS (846 innb per folkevald) og SiS (1011). Då legg eg til grunn dei intensjonsavtalane som finst for liten SiS og SiS.

Kva gjer dette med demokratiet vårt? Jau, tala tilseier at det blir mykje større avstand mellom folket og dei styrande. Eg skal bruke vår noverande ordførar som eit eksempel: Frida er utruleg flink til å stille opp på alle slags arrangement, både små og store. Eg trur dei fleste i Askvoll opplever ho som ein ordførar som står nær folket. Paradoksalt nok går ho inn for ein ny kommunestruktur som vil gjere at ho vil bli den siste ordføraren av denne typen vi får oppleve i Askvoll. Kor ofte vil ein ordførar i ein eventuell Sunnfjord-kommune vere å sjå på våre trakter? Og kor lett vil det bli for innbyggjarane i Askvoll å vinne fram med lokale saker, når dei som skal representere oss sit langt borte og har andre interesser?

I Askvoll har vi dessutan bygt opp ein modell der velforeiningane er viktige som bindeledd mellom kommunen og innbyggjarane. Denne modellen trur eg vi tek best vare på med å halde fram for oss sjølve.

I ein storkommune så vil partia bli veldig viktige for kva bygder som blir representerte. Det kan bli ein hard kamp på nominasjonsmøta. Men eg trur nok at sentrum, dvs. Førde, og Florø om dei blir med, vil få dei fleste listetoppane. At bygder som Bulandet, Stongfjorden, Holmedal og Førdefjorden alle vil få sine folk inn i styret for ein storkommune er lite sannsynleg. I forhold til folketalet vil vi ha 3 representantar frå Askvoll i ein SiS-kommune, men om vi er litt uheldige vil kanskje berre få 1 eller 2.

Eit kort blikk på det med interkommunale selskap. Eit argument som veldig mange brukar for kommunesamanslåing, er at desse er utanfor demokratisk kontroll. Og så skal vi bli kvitt desse viss vi slår oss saman. Eg vil for det første meine at samarbeid med nabokommunane er bra og nødvendig. Og dessutan så viser Prosjekt Sunnfjord sine eigne utgreiingar  at vi slett ikkje blir kvitt alle dei interkommunale samarbeida, sjølv med veldig store kommunar. Tvert i mot så er det berre marginalt fleire IKS ein SiS-kommune vil ta vekk enn for eksempel ein HAFS-kommune. Sjå litt på tala. Eg blei sjølv overraska då eg såg dei:

HAFS-kommunen tek vekk 7 av 30 IKS (25 % færre IKS). Liten SiS tek vekk 8 av 27 IKS (30 % færre). SiS tek vekk 9 av 27 IKS (33 % færre). Sjølv med det største alternativet vil vi altså måtte halde fram med to tredelar av dei interkommunale samarbeida.

Og så til slutt: Kva saker vil demokratiet å setje fokus på? Eg føler meg ganske sikker på at ein storkommune med Førde som sentrum først og fremst vil fokusere på Førde-saker. Og det er jo jobben til Olve Grotle og andre Førde-politikarar å gjere nettopp det! Førde-pakka, E 39, Førde som sykkelby, fleire statlege arbeidsplassar etc. Mens vi har heilt andre saker vi treng å fokusere på: Fortsatt stabilt og helst aukande folketal i Askvoll, Atløysambandet, ferjesamband til Nord-Solund, Kystvegen, utbygging av Lutelandet, vidaregåande skule i Dale, rassikring ved Heilevang osv. osv. Og då treng vi å styre oss sjølve her på kysten. Eg meiner difor at vi bør stå åleine eller eventuelt gå inn i HAFS. Dei to alternativa er ikkje dramatisk ulike. Det vil derimot vere eit svært stort og negativt skritt for lokaldemokratiet vårt å gå inn i ein Sunnfjord-kommune med Førde som sentrum.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s