H og V stemte ned HAFS-forhandlingar

I dag var skjebnedagen for Askvoll. Kommunen si framtid. Rådmannen hadde innstilt på å gå vidare med Liten SiS-alternativet. Framlegget hans fekk null røyster.

Ein del av oss hadde snakkast på førehand for å avtale eit alternativt framlegg. Dei raudgrøne partia hadde framforhandla eit forslag som gjekk på å halde døra open både for SiS og HAFS. Ikkje minst ønska vi då å få sett på moglegheitene for å få kommunesenteret i HAFS lagt til Askvoll. Også Høgre var med på møtet, og hadde sjansen til å stille seg bak.

I møtet førelåg eigne framlegg frå Høgre og Venstre forutan det raudgrøne. Det blei forhandlingar med gruppemøte og gruppeleiarmøte. Diverre får eg seie, var det Venstre sitt framlegg som fekk gjennomslag hos fleirtalet. Dei vil berre ha sonderingar mot liten SiS, ikkje HAFS. Om ikkje dette førar fram, skal heile kommunereformprosessen avsluttast. Høgre trekte sitt eige framlegg og gjekk for Venstre sitt. Til saman er dei 13 mot 8 i AP/SP/SV.

Vi kan vel no nokså sikkert konkludere med at vårt eige vedtak til slutt blir at Askvoll skal bli ståande åleine som kommune. Det er nemleg svært få som vil ha SiS-alternativet. HAFS-tilhengjarane vil heller stå åleine. Og fleire vil helst stå åleine uansett.

Kva vil så Fjaler gjer no? Vil dei gå mot Førde? Og kva vil fylkesmannen gjere til slutt? Mange spekulerer særleg i det siste. Vil vi bli tvangssamanslått med HAFS og få kommunesenteret i Dale? I så fall har H og V gitt slepp på ei stor sjanse idag. Eller vil vi bli tvangssamanslått med liten SiS, slik nokre kanskje ønskjer? Eller vil vi få lov til å stå åleine med ein stor nabo i aust?

Føljetongen er ikkje slutt, følg med i neste episode

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s