Firda og Sanner-draumen

I leiaren 4. juni skriv Firda om HAFS og er tydeleg på at ein ønskjer å sluse desse kommunane inn i Indre Sunnfjord. Det må skje dess før, dess betre, heiter det, og politikarane vert oppmoda til å tenkje endå meir overordna. Dessverre ser det ikkje ut til at leiarskribenten klarer å løfte sitt eige blikk særleg høgare enn halvveges opp i Halbrendslia. Det skjer ting rundt oss på alle kantar no. Folket i periferien i Norge seier nei, nei og atter nei til å bli lagt inn under sentrum, og få i sentrum ser ut til å vere leie seg for det (der er det ja-fleirtal, men stort sett svært låg deltaking, ned i 10-20 %). Kring 70 % av folkerøystingane om kommunereforma til no har enda med nei-fleirtal. Indre Sunnfjord kan fort bli den einaste frivillige kommunesamanslåinga på Vestlandet, med mulige unntak for Stavanger/Rennesøy og Indre Hardanger. Våren 2016 har vore eit oppgjer med elitistiske sentraliseringstankar. Folket har gjeve tydeleg beskjed. Det er 1972 og 1994 om att.

Når det gjeld HAFS, så har det ikkje vore fleirtal for å bli lagt under Førde i nokon av kommunane. I kommunestyra er det vel berre V, ordføraren i Askvoll og nokre AP-folk i Fjaler som har teke til orde for dette. Likevel skal vi tvingast inn, og det på timen, meiner Firda. Skammeleg! Det er rett at ei HAFS-samanslåing ikkje ser ut til å bli noko av no. Men det kan gje oss høve til å ta tida til hjelp i staden, og vurdere om det vil vere det rette, eller om vi vil halde fram med å stå åleine kvar for oss. Samarbeid med naboen er trass alt ikkje så verst det heller. HAFS-kommunane gjev gode tenester til innbyggjarane og har kort veg mellom folk og politikarar. Vi har ingen ting å skamme oss over.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s